STAN RIDGWAY (US): L 26 NOV

26
nov
2011

Ein sann amerikansk original legg ut på ein sjeldan norgesturne i november:  Stan Ridgway blir rekna som ein av rockens fremste komponistar og mest særprega vokalistar.  Han har gitt ut fjorten album – tre med den legendariske electro-art/punk gruppa Wall of Voodoo (1979-82) og deretter elleve soloalbum.  Det nyaste albumet kom i 2010 og har tittelen ”Neon Mirage”.

Neon Mirage er også navnet på bandet hans.
Stan Ridgway – electric & acoustic guitar, harmonica, vocals
Pietra Wexstun – keyboards, electronics, melodic, vocals
Rick King – electric and acoustic guitars, bass, vocals
Bruce Zelesnik – drums, percussion.

Stan Ridgway blir gjerne samanlikna med låtskrivarar som Randy Newman og Tom Waits, og med filmskaparane David Lynch og Quentin Tarantino, pga den filmatiske forteljestilen som pregar sangane. Musikalsk leverer han ei spenstig blanding inspirert av europeisk filmmusikk, amerikansk folk, primitiv rock ’n’ roll og blues, psykedelia, frijazz og det meste som kan kallast avantgarde.

Det er 25 år sidan Stan Ridgway kom med albumklassikaren ”The Big Heat” og hitlåten ”Camouflage”.

Settlista til Stan Ridgway & Neon Mirage spenner over heile den omfattande katalogen hans fra Wall of Voodoo og fram til i dag.
Det er duka for fem festkveldar i haustmørket!

www.stanridgway.com

:::: kl 22:00 :::: billetter kr 290 – 340  kjøp billett I bestill konsertpakke