GardsBruk

18
Aug 2017
Fredag

Kjøp billett  Kombiner middag & konsert !

Ei krysning tå hav, ulja og kruttslam. Plateaktuelle GARDSBRUK er eit band med base på Sotra utanfor Bergen. Musikken kan beskrivast som fest-country på dialekt, og det svingar. Spreke gitarriff, god driv, humor og galskap.

Tekstane gjenspeglar livet i bygdenoreg – noko som blir forsterka av vokalist Knut Joachim Pedersens djupe stemme og gode forteljarevne. Låtane er i hovedsak skrevet av vokalist Pederesen, og produsent Kåre Glesnes. Godt samarbeid på lemen gjer at dei no har ei god samling låtar å spele på konsertane.

GARDSBRUK har fire singlar ute, som har tilsaman over 1 000 000 streams på Spotify, og kom med sin fyrste plate `Møtting` i desember 2016

Du får lett musikken på hjernen, og du vil ta deg i å villa syngja med. Så likar du gode gitarriff, flinke musikarar, glimt i auga, og at du ikkje kan motstå å stemma i? Ja du likar du GARDSBRUK

Dette er karane i GARDSBRUK:
Knut Joackim Pedersen vokal, gitar
Kåre Glesnes diverse gitarer, banjo, mandolin og lapsteel
Tor –Erik Rong akk gitar, og el gitar, kor
Jørn Austbø bass, kor
Morten Bergstrøm trommer
Kjetil Lynglund, tangenter og munnspel

kr 180/220  Flere konserter