TWANG GANG – 20 år med twang!

17
Jan 2020
Fredag

Kjøp billett  Kombiner middag & konsert

Twang Gang – 20 år med twang!

Brune kneiper, bluesfestivalar, countryfestivalar, jazzfestivalar, ungdomshus, kulturhus, bryllup, begravelsar, gebursdagar, firmafestar, motelanseringar, afterski, danskebåt, rockabillycruise, englandsbåt og sikkert mykje anna rart.

Lista er lang når ein ser på kva den over snittet hardtsvingande Twang Gang’en har vore med på i løpet av 20 år. Bandet har passert eit firesifra antal spelejobbar med god margin. I 2020 feirar dei 20 år med twang og går i studio på nyåret. Der plukkar gutane utan skam og blygsel ut dei 10 låtane som deisjølve likar best å spele i møte med folket. Og så er det ut på vegen att.

Og galningane seier dei går garantert for 20 år til!

kr 160/190   Flere konserter